Viss du frå før har lasta ned appen, og ikkje får til å oppdatere, kan det hende du må slette han og laste han ned på nytt. Og viss du ikkje har appen frå før, er det berre å laste ned ny versjon.

Møre-Nytt satsar mykje på nettavisa. Vi varslar om ferske nyheiter, og desse varsela vil du få på telefonen din om du har Møre-Nytt-appen. Han kan du laste ned både viss du brukar iPhone eller Android. Møre-Nytt-appen må ikkje forvekslast med den gamle «Møre-Nytt eAvis».

Når Møre-Nytt no går over til å varsle om nyheiter, må lesarane oppdatere appen for sikre seg at ein får push-varslar.

Om appen blir oppdatert automatisk og ein framleis ikkje får push-varslar, kan du sjekke innstillingane for varsel. Ei anna løysing er å slette appen og laste han ned på nytt.