Reiselivsnæringa har lenge meldt om fullbooka hotell. Samtidig er det stor interesse for ferie i Noreg, både blant nordmenn og tilreisande frå andre land. Dette gjer at Røde Kors gjer seg klar for ein travel sommar – ei årstid som tradisjonelt er den travlaste for organisasjonen.

Torsdag deltok justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i ein søk- og redningsdemonstrasjon ved Ulsrudvann i Oslo i samband med den offisielle opninga av Røde Kors' sommarberedskap.

Klare til å rykkje ut

Gjennom sommarmånadene deltek Røde Kors Hjelpekorps i rundt 500 oppdrag, noko som svarer til fem aksjonar kvar dag – og det er om sommaren flest turgåarar skader seg, eller går seg bort.

– Vi håpar det ikkje blir for mange alvorlege hendingar, men er klare til å rykkje ut på kort varsel, seier nestleiar i Hjelpekorpsets landsråd, Kenneth Gulbrandsøy.

Røde Kors har spesialtrena frivillige som hjelper til i krevjande redningsoppdrag på fjellet og langs sjøar og elvar året rundt.

– Ikkje stol på mobilen!

– Denne sommaren oppmodar vi alle innstendig om å friske opp førstehjelpskunnskapane sine, lære seg å navigere med kart og kompass, og vere flinke til å pakke litt ekstra i tursekken sjølv på dagsturar, seier Gulbrandsøy.

Han ber om at ingen må stole på mobiltelefonen som navigasjonsverktøy, då både batteri og dekning kan svikte. Då er grunnleggjande kart- og kompassferdigheiter gull verd.

Gulbrandsøy rår også alle til alltid å bruke redningsvest i båt og aldri bade åleine.

(©NPK)