(NPK) I Noreg har til no i år 78 menn, tolv kvinner og to barn under sju år omkomme i drukningsulykker her i landet, viser Redningsselskapets statistikk.

Det er éin person meir enn i heile fjor, då 91 personar drukna.

26 av drukningsulykkene i år har skjedd i samband med bruk av fritidsbåt, to har skjedd i samband med bruk av kano eller kajakk, mens fire har skjedd i samband med bruk av yrkesbåt. 16 personar har omkomme etter fall frå land eller brygge.

I november drukna fire menn, to kvinner og eitt barn. To av desse mennene er antatt omkomme, men ikkje funne.

I Møre og Romsdal har 14 personar drukna hittil i år. I Telemark har det vore 13 drukningsulykker. Like bak følgjer Rogaland med tolv drukningar, Nordland med ti og Hordaland med åtte.

(©NPK)