– Frå 13. juli vert restriksjonane på ein fisk i døgnet og maks åtte for sesongen. Fiskarar som har fått åtte eller fleire fiskar så langt i år må gje seg for sesongen, seier leiar Per Magne Bjørdal i Ørstavassdraget elveeigarlag.

I Ørstavassdraget har det vorte fangsta betydeleg mindre i år enn i fjor.

– Vi har fått opp nokså lite fisk i elva, og det er så lite at vi må setje i verk restriksjonar. Vi har førehandsbestemte konsekvensar etter kva fiskemengde som vert landa. Fylkesmannen har delvis laga til dette opplegget, og vi har kome med innspel til kva vi er villige til å redusere. Både fiskemengde og vassmengde spelar inn i dette.

Lite snøsmelting

– Er det vanleg at det er stor variasjon frå sesong til sesong?

– Det har for så vidt vore vanleg i alle år. I tillegg kan tida fisken går opp på variere frå år til år. I år har det vore veldig lite snø i fjella, og lite snøsmelting. Særleg vassmengda i Follestaddalselva har vore lita, seier Bjørdal.

– Litt fisk no

Restriksjonane i Ørstavassdraget vil vare sesongen ut. Sjølv om fisket ikkje har vore det beste så langt i sesongen, er det likevel nokre lyspunkt.

– Det kom litt fisk no, og ein del mellomlaks. Så det er i alle fall litt fisk, men det er ikkje noko støre mengd, seier Bjørdal.

Innført vekeskvoter

I Bondalselva er det også innført restriksjonar i laksefisket.

– Vi har ein liknande situasjon som i Ørstaelva, men vi innførte i grunnen restriksjonane frå dag ein. Vi har vekeskvoter, og det har vi ikkje hatt tidlegare. Situasjonen følgjer vi dag for dag i samråd med fylkesmannen. Dei siste dagane har fiske vore betre, men det er litt for tidleg til å slå fast noko, seier leiar Kenneth Hustad i Bondalselva elveeigarlag.

– Ikkje unormalt

Løyvet frå fylket er på to fiskar i døgnet per mann, og vekeskvota er på fire fiskar per mann. Sjølv om fisket i Bondalselva ikkje har vore noko å rope hurra for seier Hustad at situasjonen ikkje er unormal.

– Vi har fått mykje seinare og mindre innsig i elva enn dei to siste åra. Fisket har vore nokolunde bra dei to siste åra, men resultatet så langt i år er tilbake til slik det var før dei to siste sesongane. Det er ikkje unormalt. Det kan også verte ytterlegare restriksjonar i fisket. I fjor hadde vi ikkje vekeskvotene, og dette vi har gjort no er litt føre-var-prinsippet.

– Kan verte innkorting av fisketida

Ytterlegare restriksjonar kan verte eit makstal på fisk for sesongen slik som Ørstavassdraget no har innført.

– Regimet for Bondalselva er det same som i fjor, og fylkesmannen seier at vi tek dette dag for dag. I verste fall kan det verte innkorting av fisketida, men det er det siste vi har lyst til å gjere, seier Hustad.