Det er administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal som seier dette.

Likevel vert det inga freding av dei funksjonane som det no har vore debatt om.

– Signala frå Helse Midt-Noreg og helseministeren gjer at vi legg vurderinga av akutt- og fødetilbodet inn i arbeidet med utviklingsplanen for heile føretaket slik vi i utgangspunktet hadde planlagt, seier administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal Astrid Eidsvik. Sidan helseføretaket må ta dei større strukturelle endringane innan føde- og akuttilbodet utanom budsjettet for 2014, vil ein få store utfordringar med å nå budsjettkravet for komande år, seier Eidsvik.

Krav frå styret i HMR

– Gjennom heile 2013 har den økonomiske situasjonen til føretaket blitt gradvis forverra, og tiltaka som administrerande direktør har lagt fram for styret har ikkje hatt dei resultata ein hadde rekna med, seier Eidsvik.

I styremøte i oktober fekk administrerande direktør ei bestilling frå styret på å sjå på større endringar i oppgåvefordelinga mellom sjukehusa i Møre og Romsdal. I eit orienteringsmøte den 25. november la direktøren fram skisser på kva tiltak ein planla å arbeide med fram mot budsjettmøtet i desember, der ein mellom anna ville sjå på ei samanslåing av fødeavdelingane i Nordmøre og Romsdal og samling av akuttkirurgi i Molde og i Ålesund.

Signal

– Signalet Helse Møre og Romsdal no har fått frå Helse Midt-Noreg og som er sjekka opp mot regjeringserklæringa, seier at vi ikkje kan leggje fram endringar i akutt- og fødetilbod i samband med budsjettarbeidet, seier Eidsvik. Når vi no trekk desse strukturendringane ut av budsjettdiskusjonen blir heller ikkje dei faglege og økonomiske argumenta blanda slik mange opplever no, fortset direktøren.

– Dette betyr i praksis at vi vil arbeide vidare med dei faglege utfordringane gjennom utviklingsplanarbeidet, slik vi i utgangspunktet hadde planlagt.

Meir kraft inn mot effektivisering

Når ein no ikkje får gjere større strukturelle grep, aukar det behovet for å finne andre løysingar på budsjettutfordringane for neste år. – Vi har heile året fokus på å effektivisere drifta, men no må vi legge endå meir kraft inn i dette, seier Eidsvik. – Meir strømlinjeforma og pasientvennlege forløp i behandlinga, gir betre utnytting av sengene, og er med på å få meir ut av kvar krone. Omlegging av drifta frå inneliggande til dagbehandling vil og gi moglegheit til redusere noko talet på senger, og vi arbeider med dette parallelt med andre tiltak, seier Eidsvik. Fokus er også høgt på å auke aktiviteten gjennom betre utnytting av operasjonskapasiteten ved sjukehusa.

– Vi må likevel innsjå at dette truleg ikkje er nok for å komme i mål med budsjettet for 2014, for her har vi ei kjempeutfordring, avsluttar Eidsvik.

Fakta om utviklingsplanen

I 2012 starta Helse Møre og Romsdal arbeidet med ein overordna plan for det samla sjukehustilbodet i føretaket. Fokus var i størst grad på strukturspørsmålet i Nordmøre og Romsdal, som har vore særs aktuelt dei siste åra. Styrevedtaket i desember 2012 var historisk – eitt felles akuttsjukehus skal ligge til grunn for den vidare utviklinga i nordfylket. Utviklingsplanarbeidet skal i 2013 og 2014 i hovudsak omhandle korleis HMR skal organisere tilbodet fram mot 2030.