– Det vart innkalla til eit ekstraordinært årsmøte der vidare arbeid med kunstgrasbana på Sæbø var temaet. Det har vorte bestemte at vi kan få innvilga eit låneopptak, og vi skal jobbe vidare med prosjektet. Målsettinga for ferdigstilling er 2015, seier Øyvind Taklo i arbeidsgruppa for kunstgrasbane.

Det viktigaste arbeidet er å få på plass finansiering, og totalkostnaden for prosjektet er på rundt tre milllionar kroner. Etter planen skal kunstgrasbana byggjast der grusbana er i dag.

– No når vi har meir konkrete planar er det også lettare å gå ut til folk og bedrifter. Vi har kome eit viktig steg nærare realisering, seier Taklo.