Det var i 19-tida meldinga kom om at bilane hadde køyrd i kvarandre. Det vart rykt ut med brannvern frå Vartdal og Ørsta, i tillegg til ambulansar, lege og politi.

Årsaka til ulykka var at ein bil hadde fått vassprut over seg då han passerte ein motgåande bil. Bilen bremsa opp, og ein annan bil som kom bak han køyrde då rett i bakenden på bilen.

Det var mykje regn og vått på vegbana då ulykka skjedde. Det var sju personar i eine bilen og fire personar i den andre. Ingen av dei vart alvorleg skadd.

Politiet etterforskar ulykka rutinemessig.