Nokre år seinare, ein haustkveld i Porsekjellaren i Volda. Det er Studentkro, og student Kyrre Grimstad sveittar og smiler der han spelar gitar og syng. Stemninga er høg og allsongen ljomar. Når bandet etter «krav» frå publikum har spela «Blide Mannj» fem gonger, skjønar Grimstad at det må vere noko med låten.

I år er det tretti år sidan “Blide Mannj” kom på singel, det som har vorte Baarelaget sin signaturlåt - og som publikum må ha, berre må ha.

«Det e enj blide mannj so ste der bort på veiaDet e' enj blide mannj so ste der nedpå golvetEj likakje auinje hans, ej likakje auinje hans Ej likakje auinje hans – ej veit ikkje kaføre»

I dag kan den no 56 år gamle komponisten avsløre:

– Det er berre vås, ja, heile teksta er berre eit ordspel utan logikk..

Mange kjenner teksta og mange kan refrenget. «Blide Mannj” er den første og heitaste Baarelag-låta, og den viktigaste frå bandet. Eit «must» når dei spelar til dans.

Samla

Dagens Baarelag, Kyrre Grimstad, Arne Moe, Kjell Rune Klubbenes og Frode Sundnes, er samla ein regntung ettermiddag i Ørsta. Ute er det skymt og det høljar over juletrea som snart får stjerne i toppen. Vi skal få høyre korleis Kyrre Grimstad laga «Blide Mannj», som vart ein hit over heile Nordvestlandet og meir etter at debutplata med same namn som låten kom i 1983. Singelen, som hadde «Ola normal» som B-spor, selde sensasjonelt godt for singel å vere, og hamna på sjuandeplass på Norsktoppen, bak Wenche Myhre, men framfor Knutsen og Ludviksen og Sverre Kjelsberg. I sju veker herja låten på den einaste nasjonale hitlista.

Stones

Det handla om Stones og «Dead Flowers» av Jagger og Richards då Kyrre Grimstad, Arve Åheim, Kjell Rune Klubbenes og Ivar Bjarne Hovden møttest til den første øvinga til Baarelaget, førjulsvinteren 1980, i den gamle musikkbrakka ved lærarskulen i Volda.

Etter kvart som coverlåtar vart bytt ut med sjølvskrivne, presenterte Kyrre sitt eige stoff – på nynorsk sjølvsagt. Og «Blinde Mannj» vart til «Blide Mannj».

– Det vart litt meir mystisk når vi song «hanj e' enj gale' mannj og hanj smila berre med monnji!», vurderer Kyrre bak tjukke brilleglas.

Rett etter vidaregåande på Eid fekk han eit årsvikariat som lærar for ei femteklasse på Storebø skule. Året var 1978. Kyrre var vikar for tidlegare stortingspolitikar Magnus Stangeland som då var ordførar. Purunge Grimstad kjende få eller ingen i bygda, og hadde mykje tid for seg sjølv om kveldane, i leilegheita som var i skulebygget der han jobba. På skulen fekk han låne diverse audiovisuelt utstyr, mellom anna ein kassettspelar og spoleband. Og Grimstad sette seg med metronom og Ibanez elgitar og la lyd på lyd. Kveld etter kveld. Eit av resultata er dokumentert på Baarelaget si samleplata som kom i 2007, forløparen til «Blide mannj».

Før dei vart kjende gjorde dei eit opptak frå ei bandøving. Og på ein dans på Selje med Åge Aleksandersen, manna dåverande bassist Arve Åheim seg opp. Han hadde eit ærend og han hadde ein kassett i handa. Dette var den tida ein kunne gå bak ei scena utan å verte lyfta vekk av securitas. Åheim overrekte trønderrockens konge demoen frå skaparane av sunnmørsrocken. På veg heim sette Aleksandersen på kassetten i bandbussen. Det vart full tenning, og seinare vart det samarbeid og LP.

Og plutseleg var kjekke karar frå Ørsta i det gode selskap. Dei deltok på dialektrock-festival på Stiklestad med Åge Aleksandersen og Vazelina Bilopphøggers, på Glopperock, og dei spelte på Hulen i Bergen meed full pressedekning. Full rock n roll og talet på spelejobbar eksploderte. Baarelaget vart hylla og fekk honnør for dialektlåtane og heimstadrocken som hadde undertone av blues, hav og utheng, slik dei sjølve meinte.

“Det e' enj blide mannj so ser på oss gjønå veggjiDet e' enj blide mannj so ser på oss gjønå glasetEj likakje auinje hans, ej likakje auinje hans Ej likakje auinje hans – ej veit ikkje kaføre»

Ikkje forstår

Ei Baarelag-låt er god når Arne Moe ikkje forstår teksta, fleipar Kyrre og dei andre.

– Mange trur det er ei djupare meining med teksta til “Blide mannj”, og eg får framleis spørsmål om låta.

Kyrre Grimstad stal som ein ramn då han i Austevoll var komponist.

Utgangspunktet var bandet Traffic og Traffic Jam, der det vert sunge «Blind man standing on the corner». Dette syntest Kyrre Grimstad var «steike tøft». Han la til nokre Stones-riff. Ei tid seinare vakna Kjell Rune Klubbenes ei natt med ein ide om at låten måtte ha nokre spesielle stopp i seg. Det vart særpreg så det heldt. Og det er ikkje berre “Blide Mannj” folk har gått og nynna på i tretti år. “Det vakje ej”, “Nok en grå vinterdag”, “Plattingdans”, “Den fine songen”, “Slike daga som i dag” og “Bertil i frå Berknes” er alle tidlause sunnmørshitar, låtar med særpreg som folk ventar skal spelast når Baarelaget i dag ein sjeldan gong dreg fram gitarane på dans.

Korleis har dei no klart å halde på publikum så lenge?

– Det handlar først og fremst om at Kyrre skriv gode tekstar og melodiar, låtar som ofte vert utvikla nokså brutalt. Og så handlar det om at vi er eit band med særs god kjemi der ingen driv egotrip og der ingen har markeringsbehov. Vi er oss sjølve fullt og heilt, og vi har ofte gjort ting enkelt fordi vi ikkje var så frykteleg gode å spele og hadde våre avgrensingar. Ja, vi ville heller spele rimeleg bra enn noko som ikkje fungerte, fortel Kjell Rune.

Kyrre supplerer:

– Tilsaman er vi er nok ein miks av kreativitet vi ikkje har funne i andre band. Vi eig framleis uttrykket vårt. Men det er slett ikkje enkelt å lage ein låt. Eg tenkjer ofte at eg ikkje må lage noko eg har laga før, ja, eg er medvite det, for det hadde sjølvsagt berre vorte heilt feil.

Navlestreng

I tretti år har “Blide Mannj” vore festa til Baarelaget sin navlestreng, låten som ei tid var den nest mest spelte norske låten på NRK radio.

Rånarane spelar han framleis i bilane sine, og på dansejobbane står fansen den dag i dag framme og ropar på den blide mannen.

Resten av historia kjenner ein. Godt over tusen spelejobbar og fire plater og to singlar har det vorte. Og heltestatus lokalt.

Karane er like kjekke som før, men kva no?

Ei hyggjeleg melding til fansen må vere at Baarelaget no spelar inn nye låtar. I løpet av 2014 er det meininga at dei skal kome ut på WiMP, Spotify, iTunes eller kva det måtte vere.

Karane er godt i gang og i romjula skal Totto Nilsen leggje på munnspel i studio. Så det nærmar seg noko.

Og kven veit, kanskje ligg der ein ny signaturlåt og ventar på folket?

Blide mannj kan då sjå her.

Humor er ikkje ukjent mellom Baarelaget sine folk. Biletet vart teke i samband med lanseringa av singelen "Blide Mannj". Frå venstre Kyrre Grimstad, Arne Moe, Kjell Rune Klubbenes. Og i barnevogna Ivar Bjarne Hovden.
Sjarmerande karar, Kjell Rune Klubbenes (t.v.) og Kyrre Grimstad.