Leiaren i Hjørundfjorden bondelag, og samarbeidsutvalet for bondelaga i Ørsta, Knut Hustad, søv framleis greitt om natta, og har humøret intakt sjølv om han driv i ei næring han meiner nærmar seg meir og meir stupet.

– Hadde eg for femten år sidan sagt at talet på gardsbruk i Ørsta i dag skulle vere halvert, hadde folk ledd av meg. Eg er den siste bonden på Åresethaugen. Dottera mi som har odelen, er snart utdanna jurist og kjem ikkje til å ta over garden, reflekterer den frittalande bondelagsleiaren i Bondalen.

Hustad deltek gjerne i klagetoget, men han viser også gangsyn.

Synd

– Ja, det går nedover, men likevel er det ikkje synd i oss bønder. Vi bur i eit godt land og har det bra. Likevel er det forferdeleg at landbruket skal dette vekk.

Knut Hustad er alt anna enn overraska over at landbruksstatsråd Listhaug presenterte nye dramatiske framlegg for bondenæringa omtrent før ho hadde fått prøvd den nye ministerstolen sin.

Sylvi Listhaug vil fjerne ostetollen og mjølkekvotane. Og ho vil halvere tilskotet for bøndene.

– Regjeringa vil fjerne grunnpilarane våre. Tek ein vekk mjølkekvotane, vil det ikkje vere muleg å få dei tilbake. Det same gjeld tollvernet på ost som vil svekkje norske produkt.

Sterkare

Hustad oppmodar Ørsta kommune om kome sterkare på bana for å medverke til at det vert halde liv i så mykje som muleg av gardane i kommunen. Hustad viser til situasjonen på Stennes som eit døme.

– For tida er det ikkje drift på garden på Stennes fordi geiteflokken til Einar Arne Stennes er sanert. Eg har forstått det slik at han kan kome til å kaste korta, mykje fordi det er stor uvisse knytt til kommunal brøyting på tilkomstvegen til garden. Stennes trudde han hadde ein avtale på dette, men han opplever at dette ikkje er nokon avtale han kan stole på, forklarar Hustad.

Han viser også til ferjekaia på Skår som grunneigarane sjølve måtte forskotere utbetring for. Her meiner Hustad at kommunen kunne ha vist ei annleis haldning.

Mjølkekyr

Knut Hustad har kring 14–15 mjølkekyr og ei mjølkekvote på 110 tonn. Tidlegare jobba han i politiet. Hustad vedgår:

– Eg hadde siste dagen min på lensmannskontoret i 1994. Eg angrar ikkje på at eg slutta som politi, men eg hadde ikkje gjort det viss eg visste kva som venta meg som gardbrukar på heiltid.

Hustad har no behov for å modernisere garden.

– Ja, han skulle vore oppgradert. Men eg torer rett og slett ikkje.