Det seier redaktør Rune Sæbønes i Møre-Nytt.

Han og mange andre redaktørar vart svært overraska etter at Kulturdepartementet måndag melde at det vert sendt ut eit forslag til høyring om å fjerne pressestøtta for aviser som har mellom 4.000 og 6.000 i opplag, og som dessutan har nummer ein-posisjon og kjem ut åleine på utgjevarstaden.

Overraska

– Eg er overraska fordi det kunne sjå ut som om regjeringa sitt opphavlege forslag om kutt i pressestøtta vart fjerna etter forhandlingane mellom Kristeleg Folkeparti og Venstre, seier Sæbønes.

Han peikar på at fleire av dei avisene som forslaget vil råke, ligg i nynorskdistrikt.

– Dette gjeld aviser som Vestlandsnytt, Vikebladet–Vestposten og Fjordingen i vårt område. Alle desse er nynorskaviser, seier Sæbønes.

Han meiner at dei statlege styresmaktene har eit særskild ansvar for å ta vare på det tospråklege Noreg.

Avgjerande

– For nynorsken er lokalavisene avgjerande. Det er gjennom lokalavisene, på papir, og ikkje minst på nett, at lesarane for tilgang til nyhende på nynorsk. Det er gjennom lokalavisene at nynorsken vert eit naturleg bruksspråk i nedslagsområdet, seier Sæbønes.

Møre-Nytt tok i 2013 i mot 420.000 kroner i produksjonsstøtte frå staten.

– Eit slik kutt i støtta over natta vil heilt klart påverke avisa sin økonomi, seier Sæbønes.

Forslaget frå Kulturdepartementet er ute til høyring med høyringsfrist i januar. Kulturminister Thorhild Widvey har gjort det klart at det er ynskjeleg frå hennar side å få gjennomført endringa i 2014.