Lærings- og mesitringssenteret (LMS) arbeider med pasient-og pårørandeopplæring i Helse Møre og Romsdal. Helseføretaket har over 160ulike kurs eller grupper i året for personar som er pasientar eller pårørandemed fysiske eller psykiske sjukdommar. Alle desse kursa legg vekt på å kunnebidra til at pasientar og pårørande meistrer kvardagen. I Helse Møre og Romsdaler det fagmiljøa i sjukehusa  som haransvaret for dette arbeidet. LMS støttar arbeidet med kunnskap og lokalar og erpådrivar for å få til nye kurs. LMS samarbeider tett med brukarar og brukarorganisasjonarog dei bidrar med deira kunnskap inn i arbeidet med kursane. No samarbeider vi ogsåmeir og meir med kommunane kan Toril Kvisvik fortelje.

- Kvart halvår lagar vi ein katolg med oversikt overkursa. Den har mellom anna fastlegane og den er å finne på websidene til LMS.

- Så til fotokonkurransen: Bilda i konkurransen skalpå ein eller annan måte nærme seg temaet meistring seier Kvisvik, og vi ynskjerat folk skal bruke kreativiteten sin for å finne eit uttrykk for begrepet.

Det vil bli laga ei vandreutstilling av dei 10beste bilda som blir vist på dei 4 sjukehusa i fylket, Kristiansund, Molde,Ålesund og Volda.

Vi får også ha ei eiga utstilling av bildane isamband med den internasjonale fotofestivalen Nordic Light som arrangeras iKristiansund 6.-10.mai i år.

Det er og ei eiga klasse for fotografar under 18år. - Vi håper at skuler vil ta opp temaet og oppforde elevar til å deltaavsluttar Kvisvik.