Styreleiar i Fefast, Paul Kristian Hovden tåler godt å lese den nye rapporten til Transportøkonomisk institutt som seier at fire av sju ferjeavløysingsprosjekt på E39 mellom Stavanger og Trondheim er svært samfunnsøkonomisk ulønsame. Alle fire ligg nord for Bergen, og eitt av dei er kryssinga av Storfjorden med alternativa Fefast eller Hafast.

– Det er ikkje noko nytt at dei seier at det ikkje er lønsamt. Det har dei gjort ved fleire høve tidlegare. Dei er kjende for å leggje til grunn små trafikkvekstkalkyler, og ser dermed at det eine prosjektet etter det andre ikkje er samfunnsnyttig, seier Hovden om Transportøkonomisk institutt.

Lyttar til signala

Hovden meiner det aller viktigaste er å lytte til dei politiske signala som har kome den siste tida.

– Regjeringa Stoltenberg gjekk ut i sommar i samband med Nasjonal Transportplan og sa at visjonen er ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim innan 20 år. Det er visjonen. Om dei hadde eit ønske om å satse på vegstrekka mellom ferjekaiene, då hadde saka vore ei anna, seier Hovden.

Han meiner at når dei fleste politiske partia vil investere i ein hovudstamveg langs kysten, så er det eit signal folk må ta til seg og lytte til og kalle det ei investering i framtida.

– Og då er det ikkje nødvendigvis samfunnsøkonomisk nyttig til kvar ei krone.

Gjennomgå

Han viser også til at både Eiksundsambandet og Kvivsvegen har fått gjennomgå, men at trafikkveksten her har vore formidabel.

– Men for å ta Transportøkonomisk institutt litt i forsvar så er det jo slik at når vi først skal gjere noko, så bør det vere ei innkorting av vegen som er viktig å få til, og der kjem Fefast godt ut. Å korte ned køyretida er også ein vinst.

Hovden seier at den nye rapporten er ein av mange, og meiner at Transportøkonomisk institutt i utgangspunktet er negative til vegprosjekt generelt.

– Dette vil verte avgjort i det politiske landskapet, og der er dei fleste samde om visjonen. Det er det signalet vi i Fefast har jobba etter.

Dei andre sambanda som ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsame er kryssing av Sognefjorden (Lavik-Oppedal), Romsdalsfjorden (Møreaksen) og Halsafjorden (Kanestraum-Halsa).

Av dei tre andre er Rogfast (Boknafjorden) lønsam, mens Hordfast (Aksdal-Bergen) og Nordfjord (Anda-Lote) er marginalt ulønsame.