– Bodet er betydeleg høgare enn det førre bodet, men lågare enn dei sju millionane som er sett som pris for tomta, fortel eigedomsmeklar Kjell Paulsen i EiendomsMegler1.

Bod

Før jul la legane på Ørsta Helsesenter inn eit bod på 3,5 millionar for Mørebiltomta. Etter ei vurdering både politisk og administrativt i Ørsta kommune vart bodet forkasta då dette var halvparten av det kommunne krev for tomta.

No har altså ei interessegruppe, som lenge har lukta på tomta, lagt inn eit bod.

– Eit par personar på vegne av eit selskap står bak. Det er både folk frå Ørsta og folk utanfrå som står bak dette, fortel Paulsen. Vidare detaljar ønskjer han ikkje å gje no.

Andre interessentar

I tillegg til denne gruppa skal det framleis vere andre interessentar som vurderer eit eventuelt bod på Mørebiltomta. Ho er regulert til både bustader, kontor, tenesteyting, hotell og forretning. Det er difor mange mulegheiter for dei som sikrar seg tomta som ligg i nærleiken til Amfi-senteret.

Låg interesse

Det var i april i fjor at den 5.597 kvm store næringstomta vart lagt ut for sal. Interessa har vore lågare enn venta.

– Tomta skal ikkje vere så vanskeleg å selje, men ho inneheld gamle bygg som kan gjere det noko utfordrande enn elles, vurderer eigedomsmeklar Kjell Paulsen.

Tidlegare næringssjef i Ørsta, Olav Aambøe, som sat i den tidlegare nemnda for utvikling av Ørsta sentrum, er ikkje overraska over den låge tomteinteressa.

Gagnlaus

Reguleringsplanen for Mørebiltomta er gagnlaus fordi han er for komplisert. Og det vert for dyrt for dei som vil satse på ei utbygging av tomta, meiner Aambøe.

Viss ein no ikkjr får kjøpar, meiner Aambøe kommunen må vurdere å dele opp tomta slik at dei som vil kjøpe berre kjøper det dei treng.

– Resten av arealet kan då leggjast ut til offentleg føremål. Ein må då sjå på Mørebilområdet med nye auge og eksterne fagfolk bør setjast inn for å kome med innspel til korleis området kan verte.