– Den omfattande sjukehusstriden i Møre og Romsdal gjer at tilsette ved Volda sjukehus skjelv i buksene. Dei fryktar nedlegging og ønskjer å dra til seg flest mogleg pasientar frå Nordfjord for å styrkje sin eigen posisjon. Men nordfjordingar bør støtte sitt eige helseføretak og velje sjukehusa på Nordfjordeid og i Førde, seier Drabløs til NRK Sogn og Fjordane.

Det reagerer leiar Roald Espset i Volda Framstegsparti på.

– Det er pasientane sitt ve og vel som må ha førsteprioritet, og sett i det lyset er Drabløs sitt utspel uforståeleg.

Føde- og ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus på Eid vart lagt ned for nokre år sidan, og dette har ført til at fleire nordfjordingar nyttar sjukehuset i Volda.

– Går pasientane frå Nordfjord over til Møre og Romsdal, er det ikkje mykje igjen av Helse Førde (helseføretaket for Sogn og Fjordane, red. merk.), seier Drabløs. Han meiner avtalen mellom helseføretaket om at fødande frå Nordfjord kan velje Volda, må seiast opp, og at samarbeidet må avsluttast.