Snøen har verkeleg glimra med sitt fråvær i vinter. Til glede for nokre, til sorg for andre. På Bondalseidet har det til no berre vore kunstsnø, men i starten av veka kom det eit lag med «ekte» snø.

– No vart det heilt perfekt! Kjempebra, seier Elisabeth Storevik og Ole Jakob Aam Yksnøy. Første dagane i vinterferien brukte dei på Bondalseidet med ski på beina.

– Dette er mykje betre enn kunstsnø. Det er lettare å køyre på, og det gjer ikkje så vondt å dette. Kunstsnøen er mykje hardare, seier Storevik.

Treng litt til

Frivillig Nikolai Moe på Bondalseidet er glad for at dei endeleg fekk avlasting frå naturen si side.

– Det hjelpte godt med snø no. Det er ikkje meir enn 10–15 cm på toppen av kunstsnøen, men det utgjer stor skilnad. Søndag var det så mildt at det såg skummelt ut, men no er det kjempeforhold i bakken Vert det litt kuldegrader no, kan vi kanskje produsere meir.

– Kor mykje meir må til for å opne alt?

– Då treng vi nok 20–30 cm til, seier Moe.

Langrennsløypa har også vorte preparert etter snøfallet.