Det var i stova brannen i bustaden nedom Høgebrua oppstod natt til fredag.

- Røykdykkarane sløkte brannen raskt, fortel brannsjef Einar Ytre Hauge.

Ni minutt

Brannalarmen gjekk klokka 03.17. Mannskapet som rykte ut frå sentrum, 16-17 branntilsette, var framme med fire bilar på brannstaden etter ni minutt.

- Raskare kan vi ikkje rykke ut, seier brannsjefen.

Brannleiinga fekk god orientering av huseigaren om brannen, og røykdykkarar tok seg inn i den eldre bustaden og fekk raskt kontroll over brannen i stova. Paret som budde i huset let att døra til stova slik at spreiing vart hindra. Der var ikkje særleg med flammar, men antydning til flammar i veggene. Men der var mykje røyk.

Bustaden vart totalskadd etter røyk, varme og vatn. Brannsjefen rekvirerte restverdiredning frå Ålesund brannvern som berga ut ein del verdigjenstandar.

Kattar

I tillegg til paret som berga seg ut budde det ein hund og to kattar i bustaden. Alle kom seg ut uskadde.

Paret i bustaden vakna av at hunden deira gjødde, i tillegg til at brannvarslaren hadde gått.

- Det er særs viktig at alle bustader har røykvarslarar, og det bør vere minst ein varslar i kvar etasje og nær alle soverom, seier brannsjef Einar Ytre Hauge som karakteriserer brannredninga som svært vellykka.