Børild Skåra ved landbrukskontoret i Ørsta stadfestar at avlingane difor kjem litt seinare enn venta i år.

– Ja, kulden slapp ikkje taket før seint ut på våren, noko som kan gjere at avlingane kjem seinare enn venta.

Forseinka

Vanlegvis har fyrsteslåtten starta rundt jonsok, om ei veke, men Skåra trur dei fleste må vente minst ei ekstra veke før graset er høgt nok.

– Ja, vi håper dei fleste kjem i gang i løpet av desse to vekene. Det var bra vekst då varmen fyrst kom i april/mai. I etterkant har det likevel vorte kaldare i vêret, noko som gjer at veksten stoppa litt opp, seier han.

– Gror tettare

Gardbrukar Jan Rune Frøland bur på Valseth i Bondalen, og samtykkjer med landbrukskontoret sine meldingar.

Viss årets sunnmørske sommar klarer å ta med seg litt varme, er han likevel positiv til det potensielle resultatet.

– Kulden har rett nok gjort at graset framleis er lågt, men på ei anna side gror det desto tettare. Det vil føre til endå større avlingar enn venta dersom det vert godt og varmt i sommar, seier Frøland.

Det kan likevel vere mykje å håpe på – vi bur trass alt på Nordvestlandet, der regnet og survêret ofte kjem på vitjing.

Håp

Frøland eig 130 mål med jord, og tvilar på han får høve til å starte før jonsok.

– Nei, det går nok ikkje, noko som skil seg frå andre år der varmen har sytt for høgare gras på eit tidlegare tidspunkt. Ein får berre håpe på ein desto varmare sommar, seier den optimistiske gardbrukaren.

Børild Skåra ved landbrukskontoret i Ørsta.
Gardbrukar Jan Rune Frøland bur på Valseth i Bondalen.