Den offisielle opninga av Dei nynorske festspela er ikkje før torsdag kveld, men torsdag morgon vart det tradisjonen tru lagt ned blomar ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum. Her oppmoda direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum folk til å feire songen.

– Å feire songen er å feire grunnlaget for all litteratur, og opne for nye riser dit dei gode songane kjem ifrå, sa Grepstad.

Festspelmorgon

Det var i underkant av tjue personar som møtte til blomeseremonien, slik det plar vere denne festspelmorgonen.

Grepstad sin tale ved statuen handla om songen og poesien, og bakteppet er sjølvsagt at årets festspeldiktar er Arne Moslåtten, han som skriv songtekstene til Hellbillies.

– Poesi kjem frå ein stad som ingen kontrollerer, som ingen kan erobre. Om eg visste kor dei gode songane kom frå, ville eg reist dit oftare. Det sa Leonard Cohen då han takka for den franske Prinsen av Asturias-prisen i fjor haust, fortalde Grepstad, og viste då til kva Terje Engebakken i Hallingdølen i fjor vinter skreiv om Moslåtten: «Det du skriv, Arne Moslåtten, glir so lett inn og set seg fast i skallen på so mange tå uss.»

Gode songar

– Songskaparen frå Montreal og musikkjennaren frå Gol seier det som trengst om det litterære underet som gode songar er: Vi blir ikkje kvitt dei, og etter kvart veit knapt nokon kvar dei kom frå, sa Grepstad.

Og poengterte at slik er det også med Ivar Aasens songar.

Frå munnleg til skriftleg

– Han festa det munnlege til papiret og æva etter skriftlege føredøme for korleis slikt skal gjerast. Ivar Aasen plukka språket frå kvarandre i ordbøker og grammatikkar, og sette det saman att på nye måtar i dikt og prosa. Han skriftfesta ein fleire hundre år lang munnleg språktradisjon og skreiv ned eit språk i alle sine detaljar. På den måten markerer han overgangen frå munnleg tale til skriftkultur, fortalde Grepstad.

Ivar Aasen publiserte om lag 80 dikt.

– Det er ikkje stort meir enn eit par diktsamlingar no til dags. Etter at han gjekk ut or tida, er han blitt verande i vår tid. Frå 1896 og fram til i dag er om lag 120 andre dikt av Ivar Aasen blitt publiserte – nokre av dei berre i utdrag, sa Grepstad.

Dei gode linjene

Han peika på at i Nasjonalbiblioteket ligg det framleis mange upubliserte Aasen-dikt, og meiner at der kan dei berre verte verande. Grepstad understreka at Aasen sjølv var sin beste kritikar.

– Jamleg var han på leiting etter dei gode linjene, dei rette vendingane, dei tette rima. Difor endra han fleire av dikta sine. 12 år brukte Ivar Aasen på å lage «Nordmannen», diktet som blei allsongen om Noreg. Han sat i 2. etasje i Teatergt. 6 i Oslo og fila og flikka. Ikkje noko dikt arbeidde han meir med enn dette. Opningslinjene kom fort på plass. Resten var det verre med. Den første versjonen var eitt av songdikta i samlinga Symra våren 1863. Diktaren var ikkje nøgd. Han skreiv minst 15 ulike strofer og sette 11 av dei på trykk før den femte og endelege versjonen kom i ei ny utgåve av Symra i 1875, fortalde Grepstad.

– Ein gong høyrde Olav H. Hauge ein av variantane av «Nordmannen» med dei sjåvinistiske strofene om «sud um Havet han stundom laut skrida» og «Millom Kaksar eg litet kann trivast». Desse to strofene skreiv Aasen til 17. mai 1867. Hauge trong ikkje mange ord for å seie kva han meinte. Ja ja, sa han, eg skynar godt at han strauk dei tvo. Vi står oss nok på å syngje songen slik Aasen sjølv meinte den var best, sa Grepstad.

Brukslyrikk

Grepstad viste til at ein gong var all lyrikk brukslyrikk, skapt for bruk og song.

– Først i dei seinare hundreåra er lyrikken blitt lausriven frå brukssituasjonen, slik at det har oppstått eit skilje mellom kunstlyrikk og brukslyrikk. At lyrikken blei lausriven frå musikken, og til dels blei nedskriven, skapte eit skilje mellom leselyrikk og songlyrikk – mellom litteratur for auget og litteratur for øyret Songen kom altså før den skrivne litteraturen. Dei fleste på jorda har songane, men langt frå alle har bøkene. Å feire songen er difor å feire grunnlaget for all litteratur og opne for nye reiser dit dei gode songane kjem frå. Publikum på Dei nynorske festspela treng ikkje reise langt. Det held lenge å ta turen til Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum, heve blikket ein tanke og syngje ein takk til han som gav oss songen i skrifta, avslutta Grepstad.

Dei frammøtte avslutta seremonien med å syngje første strofa av «Nordmannen».