Tal frå Samordna opptak viser at Høgskulen i Volda har 11 prosent fleire førsteprioritetssøkjarar enn i fjor.

– Det er svært gledeleg, seier ein nøgd rektor Per Halse.

Tala viser at 1.496 av søkjarane har Høgskulen i Volda som sitt førsteval.

Fleire enn nokon gong

– Hausten 2011 hadde vi fleire studentar enn nokon gong, og tala frå Samordna opptak viser no at vi har enda betre søking til hausten 2012. Det er vi glade for, seier rektor Per Halse.

– Det tyder på at søkjarane legg merke til Høgskulen i Volda og studietilboda våre.

Også på landsbasis har det vore ei auke i søkinga, men tala viser at Høgskulen i Volda ligg over dette gjennomsnittet. Ein del av auka i Volda kjem på grunnskulelærarutdanningane.

– Med tanke på dei behova for lærarar som er i skuleverket, ser vi dette som svært positivt, seier Per Halse.