Det var måndag føremiddag at tilfeldig forbipasserande oppdaga at ruta var knust. Skulen har vore stengt og utan tilsyn i påska, men drifts- og vedlikehaldsleiar Roger Steinnes i Ørsta kommune trur vandalismen må ha skjedd natt til søndag eller kvelden før.
Den knuste ruta er om lag 1x1,5 meter stor.#<\p>Også låsen på innsida av døra ber preg av å ha vorte slått, men det er ingen spor av at nokon har vore inne i sjølve skulebygget.
Steinnes reknar med ei ny rute og arbeidet med å skifte henne vil koste mellom ti og femten tusen kroner.
– Dette er trasig for Ørsta kommune, då slik meiningslaus vandalisme skaper mykje ekstraarbeid og er kostbart å ordne opp i. Det er ikkje ideelt for ein fattig kommune, seier Steinnes.
Saka er meld til politiet.
Også i fjor sommar vart det gjort hærverk på Hovden skule, der fleire ruter vart knust. Denne saka vart lagt vekk grunna manglande bevis.
Tysdag kom det også melding om at nokon har utført hærverk på Vikemarka skule i påska. Nokre dørpumper på ytterdørene har vorte rivne av.