–35 cm med nysnø på Eitrefjell og juleribba må trimmast vekk, skriv Ørsta skisenter på Facebook.

Driftsleiar Rune Moltudal var på plass 1. juledag for å gjere klar. Trakkemaskinen var og i sving og hadde eit stor jobb framfor seg.

– Vermeldinga er lovande, så her ligg det an til ei fin jul for skiinteresserte, seier Moltudal.

Tung snø

I høgda har det meste av nedbøren siste veka kome som snø, og dermed er det mykje snø. Men snøen er tung, og i lågareliggande område har regnet gjort sitt.

–Vi minner om at køyring utanfor preparert område er på eige ansvar. Den siste tida har hatt mykje regn, som har opna mange bekkefar i terrenget, og skredfaren har vore høg dei siste dagane. Flotte langrennspor til Åmskaret, for dei som likar bortoverski, melder Ørsta skisenter.

Også Volda skisenter melder at dei har ope frå 2. juledag og i romjula.

Driftsleiar Rune Moltudal ved Ørsta skisenter Foto: Svein Aam