– Det nye prosjektet utan kultursal er innanfor dei økonomiske rammene, og endeleg romprogram blei vedtatt i styringsgruppa 8. januar HVO har no sendt eit revidert oppdragsbrev til Statsbygg der kultursal ikkje er med, heiter det i sakspapira til Høgskulestyret som skal ha møte torsdag 25. januar.

Styringsgruppa for det nye mediebygget har og vedteke å utsetje innflytting frå haustsemesteret 2020 til vårsemesteret 2021. Grunngjevinga er økonomiske omsyn.

– Mediebygget skal finansierast ved lågare husleige på dei andre bygga som følgje av ny husleigeavtale med Statsbygg. Den nye avtalen gjeld frå 01.01.21, og det vil koste oss 7 millionar i «dobbel husleige» å flytte inn i mediebygget haustsemesteret 2020 samanlikna med vårsemesteret 2021. Vidare har Statsbygg signalisert at tidsramma for prosjektet no var veldig stram, og endra innflyttingsdato vil gje noko meir tid til god planlegging og gjennomføring.

I tillegg til eit nytt mediebygg er det planlagt å fornye ein god del av utstyret knytt til mediefaga. Det er estimert at inventar og utstyr vil koste om lag tjuefem millionar kroner. Ifølgje sakspapira er det von om ei ekstraløyving frå Kunnskapsdepartementet til denne oppgraderinga, men truleg må høgskulen ta store delar av kostnaden sjølv.

– Sjølv om vi får ei ekstraløyving må vi førebu oss på at vi må finansiere ein stor del av dei 25 millionar sjølv.

Positive til symjehall

Høgskulestyret har tidlegare vedteke å ikkje forlenge leigeavtalen med Statsbygg for symjehallen i Idrettsbygget. Avtalen går ut i 2020 og etter dette vil symjehallen bli riven. I samband med planane om Volda Campus Arena er det sett av areal til ein ny symjehall i Volda. Leiinga ved Høgskulen i Volda har vore i møter med Volda kommune og andre lokale interesser, og er positive til å nytte den framtidige symjehallen.

– Leiinga ved HVO har i møte med ordførar og rådmann formidla at vi er positive til å leige 500 timar til marknadspris i eit kommunalt symjeanlegg så lenge bassenget tilfredsstiller vore behov til symjeopplæring.

Høgskulen ventar no på vidare saksutgreiinga frå kommunen.