Countrymusikken er full av tekstar om religiøse tema. Ta til dømes denne strofen frå Kris Kristofferson:

Why me Lord ?

What have I ever done

To deserve even one

Of the blessings I’ve known

Og dette var ein av melodiane som vart framført på årets kyrkjekonsert med Sivert Bjørdal, denne gongen med sørlendingen Arly Karlsen som gjesteartist.

Kjensler i sving

Sivert Bjørdal innleidde konserten med desse orda: «Arrangementet har vore i stadig forandring desse åra med nye gjestesongarar og nye musikarar til tider. Men meininga og ramma rundt det ønskjer me skal vere den same, med denne raude tråden som det starta med, der me ønsker at dette skal vere ei god stund og ein god opplevelse for dokke å sit her i kyrkja å lytte til desse sangane som me har valgt ut. Dette er amerikanske country- og gospelsongar med eit kvardagsleg innhald som også kan vere litt til ettertanke for oss.

Vi er slik vi menneske, at me finn ofte trøyst og lindring i musikk og velvalgte ord og tekstinnhald. Ofte kan me kjenne oss litt igjen i songane også, då livet vårt kan vere både lett og vanskeleg til tider, og det er alltid sterke følelsar i sving når ei tekst vert skriven.

Me har alle våre opp- og nedturar, og mange av oss slit med følelsar og sakn. Me må ofte bere dette åleine då ikkje alle har like lett for å snakke om det som er sorgtungt. Me bør difor ha omtanke for kvarandre. Heldige er dei som kan skrive eller måle seg ut av dette og sette ord eller fargar på sterke følelsar og tankar. Songane våre dei handla om desse følelsesladda tema i liva våre, slik som glede, håp, lengsel, smerte, sakn og kjærleik».

Fullsett

Ørsta kyrkje var fullsett, med mange som har gjort eit Ørsta-besøk til ein førjulstradisjon.

– Snart halvparten av gjestane er langvegsfarande. Stort sett fra heile Nordvestlandet frå Trøndelagsgrensa til Sogn. Mange har tatt turen mange gongar, seier Sivert Bjørdal.

Og det kjem sikkert att neste år. Både artisten og hans trufaste publikum.

Ring of fire: Gjesteartist Arly Karlsen Foto: svein aam
Blå stemning: Sivert Bjørdal med band har eit trufast publikum på sine kyrkjekonsertar. Foto: svein aam