Det var Knut Hustad i ein facebookstatus i helga som undra seg over plasseringa av dette busskuret.

«Dette fine busskuret står på Valset i Bondalen, heilt åleine, godt ute på ei attlege. Det ser ikkje ut til å vere brukt. Snøen/brøytekanten er heller ikkje fjerna. For kort tid sidan vart dette busskuret sett opp med brask og bram, men vert altså ikkje brukt. Kvifor? Vil ikkje bussjåførane stoppe der? Er det feilplassert? Vil ikkje passasjerane bruke det?, skaper dei trafikkfarlege situasjonar?»

Spurde Hustad i statusen sin.

Undervegs i debatten sjekka han litt opp saka, og fekk mellom anna vite at fylkeskommunen har bedt om at bussen stoppar førti meter frå dette busskuret, men samstundes fekk Hustad også vite at dette busskuret vart nytta.

Det fekk Hustad til å konkludere slik:

«Det som bør gjerast er først å få fleire busslommer.»