- Innføring av skulepengar for studentar frå land som ikkje er ein del av EU vil verke skadeleg for studentmiljøa i heile landet. Gratis utdanning er ei genial investering, både for konkurransedyktigheita og kvaliteten i utdanninga i Noreg. Gratisprinsippet må bevarast! Seier leiaren av Studenttinget i Volda, Joanna Antoniak.

Gratisprinsippet har vore eit forslag som studentane har kjempa mot i fleire år, og som fortsatt ikkje har blitt innført.

Eg trudde vi slapp å kjempe om det same i år, eg har allereie blitt kontakta av internasjonale studentar som fryktar for si utdanning ved Høgskulen, seier Antoniak.

Elitesatsing

Det andre punktet i budsjettforslaget gjeld flytting av forskarmidlar frå dei mindre institusjonane, som HVO, til ei meir spissa elitesatsing på eit fåtal større utdannningsinstitusjonar.

- Vi meiner at konsekvensane på sikt vil vere at dei mindre institusjonane i landet vil vere skadde i så stor grad at sterke og robuste fagmiljø, som regjeringa gikk til val på å forsterke og oppretthalde, på sikt vil verte sentralisert til dei fem store universiteta, seier Antoniak.

Høgskulen i Volda er ein av dei dårlegast bemidla høgskulane i landet når det kjem til forskingsmidlar ift. talet på studentar.

- Høgskulen i Volda blir allereie hardt ramma av mangelen på forskingsmidlar, og eg fryktar at dette kuttet vil føre til endå mindre forskingsaktivitet på campus. Dette har ikkje vi råd til, seier Antoniak.

- Ein apell til alle, uavhengig om du er student eller ei: engasjer deg i studentane si framtid! Å bevare kunnskapssamfunnet er den beste ressursen for framtida, som berre kan bli styrka av det dei internasjonale studentane tar med seg til Noreg.

HiVolda