Måndag føremiddag var NRK Møre og Romsdal på plass på Sæbø skule for å gjere opptak til Klassequizen. Sekvensen frå Sæbø vert sendt på radio tysdag ettermiddag. I Møre og Romsdal skal 34 skular vere med, og 432 skular på landsbasis. Sæbø skule er den einaste skulen frå Volda og Ørsta som deltek i Klassequizen.
Det vert kåra fylkesvinnarar som går vidare til ei landsfinale i mai. Spørsmåla er varierte og delt inn i ulike kategoriar. Elevane får fire ark med ulike kategoriar der dei skal trekke ut tre som dei skal svare på. På kvart ark/kategori er det fire spørsmål, og totalt tolv spørsmål som det skal svarast på.
På laget til Sæbø skule var det Kristian Lillebø, Thea Karoline Valseth og Fredrik Mo som stilte med Amalie Aklestad som reserve. Etter innspeling var ikkje deltakarane frå Sæbø heilt nøgde. Dei meinte at spørsmåla ikkje var spesielt vanskelege, men litt utanfor deira sine interessefelt. Spørsmåla som dei fekk var innan kategoriane: kai, bruer og økonomi. Noko resultat ville ikkje elevane kome med før radiosendinga tysdag.