Med utgangspunkt i Kulturminneplanen presenterer Møre-Nytt kvar veke eitt av Ørsta sine offisielle kulturminne.

Denne veka: Steinvóren i Vikefjøra

Vik, eller Ørstavik, vart på 1800-talet eit knutepunkt og handelssenter. Seinare kom industrien, og bygdebyen tok form.

Då sjøen var viktigaste transportvegen var steinvóren i Vikefjøra , og området rundt, å rekne som sentrum i bygda.

«Frå gammal av møttest fire bygdevegar i Ørstavik. Vegane leidde fram til steinvoren i Vikefjøra, som var sentral for varebytet mellom kystfolk og folk på Dalane i eldre tid. I Vikefjøra hadde også dalafolket sine naust og her la dei ut for å delta i det rike vinterfisket langs kysten», står det i Kulturminneplanen.

Steinvóren har tolt tidas tann og ser ut til å vere i bra stand. Men berre eitt naust står att, inneklemt mellom ein trafostasjon og eit forretningsbygg. Og bakveggen på naustet er brukt til oppslagstavle.

Så dei fleste hastar nok forbi her utan å leggje merke til dette viktige kulturminnet frå den gongen Ørstavik tok form.

Steinvór: Her var det stor trafikk i «gamle dagar» Foto: svein aam