Dette skjer i samband med arbeidet med kulturminneplanen til Ørsta kommune. Til no har kommunen henta inn tips på om lag 90 ulike objekt som kan høyre inne i ein slik plan. Dette har skjedd med hjelp av sogelaga.

Folkemøte

No går arbeidet med planen eit steg vidare, og det vert invitert til folkemøte om kulturminne på Ørsta rådhus måndag, på fiskerimuseet på Vartdal tysdag og på klubbhuset på Sæbø onsdag.

– Vi skal fortelje om korleis vi arbeider og kva dette planarbeidet går ut på. Vi ynskjer innspel om dei forslaga til kulturminne som har kome inn, gjerne kva som skal verte prioritert, og vi tek også i mot nye innspel, seier planleggjar Gro Anita Bårdseth og kulturrågjevar Jostein Mo. Dei er dei som arbeider med kulturminneplanen i Ørsta kommune.

Bårdseth og Mo er svært takksame overfor sogelaga som har arbeidd grundig med å registrere potensielle kulturminne i deira lokalmiljø.

Arbeidet med ein kommunal kulturminneplan er noko alle kommunar i landet no held på med eller skal i gang med. Det skjer etter eit statleg initiativ, og fylkeskommunane, også Møre og Romsdal, har alt laga ein plan med regionale kulturminne.

– I den regionale planen vart fleire kulturminne frå Ørsta registrerte. Det var i samband med arbeidet med denne planen at t.d. Stavset skule vart dregen fram, og fekk nasjonal verneverdi.

Medvitne

– Måla med den lokale planen er fleire. Vi ynskjer fyrst og fremst å gjere oss sjølve som innbyggjarar meir medvitne om dei kulturminna vi har i lokalsamfunna våre. Der etter skal dette ende i ein plan som skal verte vedteken i løpet av hausten 2017. Her vil det vere ei prioritering av minna, og med forslag til kva status dei skal ha. Det kan t.d. vere forslag om omsynssoner, som må kome i samband med ein arealplan, seier Bårdseth.

Ho og Mo har fått seg fleire overraskingar under arbeidet.

– Mellom anna at det fram til no ikkje har vore registrert kulturminne knytt verken til kyst, hav eller fjord, eller til utmark. Det er underleg så lenge vi veit kor viktig dette har vore for næringsgrunnlaget i Ørsta, seier Mo og Bårdseth.