Ørsta kommune krev 1,94 millionar kroner frå Bøstrand Olje og Transport AS for tomta dei brukar på Mosflatene. Prisen er sett til 260 kr/kvm, og 132 kr/kvm for det tekniske anlegget. Anlegget er allereie betalt, så kommunen krev no 1.940.085 kroner for sjølve tomta.

Krev 4,3 millionar

Teknisk avdeling i Ørsta kommune minner også i eit brev til Mosflata Næringsbygg AS at dei festar areal på Mosflatene. Kommunen krev no 4.363.272 kroner for tomta.