Ørsta Helsesenter får nytt og moderne datasystem, men det betyr også ei veke med redusert kapasitet.

– Helsesenteret vert stengt for timebestilling heile neste veke, fortel dagleg leiar Trude Tonning.

Les også: - Husk å fornye reseptene før helga

På høg tid

Det er journalsystemet og meldingstenesta mellom legetenesta, kommunen og anna forvaltning i helseføretaket som skal verte modernisert.

– På høg tid, kommenterer dataansvarleg og lege Steffen Myklebust.

Han seier at det i dag går vekk mykje unødvendig tid på eit tungrodd og gamalt system.

– I dag må vi ringe eller sende faks for å kommunisere med til dømes heimesjukepleien. Det er litt steinalderaktig kan du seie, og informasjonen går via fleire kjelder. Det nye systemet sikrar pasientopplysningane langt betre ved at vi kan sende elektroniske meldingar direkte til kvarandre på ein sikker måte.

Enklare

Det nye systemet skal gjere kvardagen enklare både for tilsette og for pasientar. Det skal mellom anna vere muleg å bestille seg legetime elektronisk kvelden før. Då håper dei ventetida for dei som ringjer om morgonen også går ned. Etter kvart vil dei også få eiga heimeside der dei kan legge ut viktige meldingar.

– Det skal ikkje så mykje til før systemet vert betre enn det er i dag, seier seksjonsleiar helse og velferd i Ørsta kommune, Knut Åmås.

Han fortel at Volda har valt same system som dei, og at også kontora på Sæbø og Vartdal vil få det same.

– Neste veke vert vi gåande rundt med penn og papir og vil ikkje ha tilgang på pasientopplysningar mens det nye systemet vert installert. Ved heilt akutte tilfelle vil vi ha folk som svarar telefonen, elles bed vi om at folk er tolmodige og ventar, oppmodar Trude Tonning.

Betre kvalitet

– Dette vil gi ei meir avansert oppfølging enn vi har hatt tidlegare. Pasientflyten vert betre og kvaliteten vert betre. Det vil verte ei betydeleg endring som lettar jobben for legane. Og alt er etter forskriftene når det gjeld datasikkerheit, lovar dei tre.