- Tussa støttar lokale lag og organisasjonar, spesielt dei som driv barne- og ungdomsarbeid. Ein rullepark på det nivået som er planlagt i Volda er unikt i vårt område, og vi vil gjerne vere med og gi litt startstøtte for å få tilbodet i gang. Dette seier marknadssjef Lise Ulstein og organisasjonssjef Lisbeth Bjørneset Myklebust i Tussa, som her signerer avtale med Ivar-Otto Kristiansen i styret i Volda Rullarlag.

- Det er viktig for oss at det er tilbod til ungdomen i lokalmiljøa. Difor er det ekstra kjekt å få gi støtte til drift av eit heilt nytt tilbod. Sjølv om idretten og skating har eksistert nokre år, ser vi at det er mangel på skikkelege og gode treningsanlegg. Vi synest det er bra at dette kjem i gang, og støttar gjerne opp om tiltak som kan kome fleire til gode. Anlegget i Volda vil gi mulegheiter for aktive på alle nivå i denne idretten, ikkje berre frå Volda, men også frå andre kommunar i området vårt.