Turistsesongen startar for alvor rundt den 20. juni, og slik det ser ut no går det mot ein god sesong både for Sagafjord Hotel og Hotel Union Øye.

– Det ser veldig bra, og det byrjar å fylle seg opp. Høgsesongen for turistar er frå 20. juni til og med 20. august, og det vert no booka for fullt. Nordmenn generelt er litt treigare med å reservere, men dei byrjar å kome dei også, seier hotellsjef Mariann Øye-Mork ved Hotel Union Øye.

Mest nordmenn

Tradisjonelt sett er det mange nordmenn som vitjar det landskjente hotellet på Øye, og det er ikkje noko unntak i år.

– Hos oss er det rundt 95 prosent av dei enkeltreisande nordmenn, og det er slik det nesten alltid har vore. Vi har framleis litt ledig kapasitet, men for turistsesongen sin del ser det veldig bra ut, seier Øye-Mork.

– Ein del reservasjonar allereie

For Sagafjord Hotel nærmar det seg opning etter at hotellet har vorte renovert. Sjølv om ein ikkje aktivt har gått ut for å lokke gjestar til Sæbø enno, er det fleire som har fått med seg at det på ny vert hotelldrift.

– Vi har ikkje starta med bookinga, men det har kome ein del reservasjonar allereie. Juli vert teke litt på sparket, men så vert det meir aktiv booking frå og med august. Dei som kjem, dei kjem. Vi vil snart starte med marknadsføringa, og det vert ein del visingsturar. Det vert rett og slett gjort slik fordi vi ikkje har opna enno, seier Hege Sakariassen som er vertskap ved hotellet saman med Ben Smeets.

– Har venta på at hotellet skal opne

Av gjestene som allereie har reservert ved Sagafjord Hotel har truleg mange gleda seg over at det er hotelldrift på Sæbø igjen.

– Det er mest nordmenn som har gjort reservasjonar, og dette er gjerne gjestar som har venta på at hotellet skal verte ferdig, og som har vore her tidlegare. I tillegg er det ein del utanlandske gjestar som kjem frå Nederland og Tyskland, seier Sakariassen.

Hotellsjef Mariann Øye-Mork seier at det strøymer på med bookingar til Hotel Union Øye, og at dei går mot ein god turistsesong.