Tranar høyrer stort sett til på Austlandet og vidare austover i Europa og Russland. I seinare tid har fuglen også kome til Vestlandet.

– Tranar har vore på offensiven dei siste åra, også når det gjeld Møre og Romsdal. På nordre Sunnmøre har det etablert seg hekkande tranar, og i Romsdal og på Nordmøre har dei vore etablert i lenger tid, seier Folkestad.

Han fortel at det også hekkar tranar på Eid og i Stryn, og det har vore sett tranar i Bjørdalen dei siste åra.

– Det er nok eit forvarsel på at dei kjem til å ruge her med tid og stunder, trur Folkestad.

Han meiner Åmdalen, Åmsmyra og tjønna der, i tillegg til området ved Videtjønna og i Bjørdalen er gunstige område for eventuelle hekkande tranar.

– Kombinasjonen med dyrkamark dei kan beite på og myrområde med vegetasjonsrikt ferskvatn er det dei likar.