Det er attande året det er vårteljing av hjort. Teljinga vert organisert gjennom Søre Sunnmøre Hjorteviltutval. Kunnskapen frå teljinga er eit viktig ledd i arbeidet med korleis ein skal forvalte hjortestammen på Søre Sunnmøre.

Teljinga vert utført med systematisk søk over all innmark om natta. Under teljinga brukar ein kraftig lys, så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle netene.