På Nekken i Ørsta sentrum vart det onsdag målt rett under tjueein grader. Det er varmegrader som gjer godt etter ein heller kjølig vår så langt.

Med eitt vert markane grøne, og blomane kjem også. Viss nokon av Møre-Nytt sine lesararar vil dele sine bilete frå denne herlege vårdagen, er de hjarteleg velkomne til å sende dei inn til avis@morenytt.no, og vi vil leggje dei ut så snart som råd.

Men det er ikkje lenge sommarvarmen er her. Torsdag er det slutt. På Helgetorstag er det meldt mellom ti og femten grader, og regnet vil kome tilbake.No handlar det å nyte medan ein kan.