Om lag klokka 03.45 gjekk alarmen til brannvernet på Dravlaus. Då brannmannskapet kom fram til huset, var det full fyr i huset. I huset budde det ein familie på to vaksne og eitt born. Det var også to hundar i huset. Takka vere hundane vart familien varsla tidsnok til å kome seg ut av huset før det vart overtent.

Ei stund var det fare for at bustadbrannen skulle spreie seg til ei nærliggande løe, men brannvernet fekk hindra dette.

Brannvern frå Steinsvik og Volda kom også til staden etter kvart for å hjelpe med sløkkinga.

Alle dei tre i huset hadde fått i seg røyk. To vart sende til legevakten for sjekk, og ein vart send til sjukehuset.

Huset vart totalskadd i brannen. Kva som var årsaka til at det tok fyr er framleis uvisst. Politiet vil etterforske saka.