Leiar i Vitlnemnda, Else Beate Barstad, og Jan Roger Bjørkedal i ettersøksringen, fortel om stor fare for påkøyrsel av hjort.

– Særleg på vegen mellom Rjånes og Festøya er det særleg stor sannsynlegheit for å møte på dyr i vegbana. Den siste tida har det vore observert opptil 70 hjortar i området ved denne strekninga, seier Barstad.

Bjørkedal opplyser om at der har vore så mykje som seks påkøyrsler den siste veka, og at heile tre hjortar måtte bøte med livet ved Vartdalsstranda på ei og same natt. Ingen personar har kome til skade.

Kortvarig

Leiaren i ettersøksringen forklarar hjorteauken med at mange trekkdyr har teke turen over fjorden frå øyane.

– Det starta for king fjorten dagar sidan, då vi atter ein gong fekk ein liten dose med vinter. Den låge temperaturen får dyra til å trekkje nedover til der maten er.

Men sjølv om hjorteviltfaren er høg, trur han ikkje den vil vare meir enn to - tre veker.

– Dyra vil nok trekkje oppover i skogen når varmen kjem i mai. Det er temperaturen som styrer dette.

Gode tips

I mellomtid oppmodar Bjørkedal folk om å seinke farta, og vere spesielt på vakt i grålysninga både morgon og kveld. Det er nemleg då faren er størst.

– Dyra kjem såpass fort ut i vegbana at det er vanskeleg å få det med seg. Ikkje er dei enkle å sjå når dei står stille der heller.

Viss uhellet skulle vere ute, er Barstad i viltnemnda klar på kva ein må gjere.

– Merk skadestaden med ein refleksvest eller ein plastikkpose og ring 02800, slik at politiet kan melde frå til ettersøksringen og forsikringsselskapet. Det er ikkje ulovleg å køyre på ein hjort, men det er straffbart å ikkje seie ifrå! Understrekar ho.

Leiar Jan Roger Bjørkedal i ettersøksringen har råd for å unngå påkøyrsler.