Feilen oppstod i 17-tida fredag. Feilen gjorde at all kontakt gjennom fiber frå Tussa-området og ut til omverda var kutta.

– Det kan vere snakk om ein eller to feil. Vi har fleire folk på jobb som prøver å finne ut av problemet så snart som råd, fekk Møre-Nytt opplyst hos Tussa sin vaktsentral klokka 21.45.

Klokka 22 vart feilen retta opp, og kundane kom seg på nett att.

– Årsaka til brotet var at leverandøren vår hadde ein feil på nettet inn til området vårt, opplyser Tussa på sine Facebooksider.

Mellom sju og åtte tusen kundar var råka av feilen, som påverka alle breibandstenestene til Tussa.