Det har vore forska mykje på ulike lipider (feittstoff) i Hovdebygda opp gjennom åra. På slutten av nittitalet var det Natural ASA som først gjorde det stort med leiande utviklingsarbeid innan feittsyrer. Det resulterte i eit oppkjøp i 2006 frå Aker Biomarine. Siste åra har Epax AS stått for drifta, men i fjor sommar la dei ned avdelinga i Hovdebygda, der nokre tilsette då mista arbeidet.

I slutten av 2009 gjekk gruppa som i si tid starta Natural saman att for å etablere eit nytt selskap i Ørsta, Arctic Nutrition. I fjor henta dei inn 30 millionar kroner gjennom regionale investorar, og rekrutterte ein del nøkkelpersonar frå tidlegare Natural og Epax, i tillegg til tre ekspertar frå utlandet.

Romega

I dag er det Arctic Nutrition som sørgjer for lys i vindauga og aktivitet i industribygget ved sjøkanten i Hovdebygda.

Forretningsplanen er å utvikle helseprodukt frå silderogn ved å trekkje ut spesielle feittfraksjonar. Det nye, patenterte produktet «Romega» går for tida gjennom omfattande kliniske studiar.

– I prinsippet dreiar det seg om eit ekstremt potent Omega 3-produkt med heilt spesielle effektar, designa for å virke på blant anna mental helse, ledd, hudhelse og tørre auge, fortel direktør Hogne Hallaråker i Arctic Nutrition.

– Det er kjekt å få utvikle nye ting, og dette produktet er noko av det beste eg har vore borti nokon gong. Det har eit enormt potensial.

Lagar gull av havets sølv

I lokalet i Hovdebygda vert bedrifta administrert, i tillegg til at det vert forska på fosfolipidar på internasjonalt nivå. Sjølve produksjonen av det ferdige forbrukarproduktet skjer hos ein kontraktsprodusent i Europa, før det vert skipa ut til kundar i Europa, USA og Asia.

Råvarene til Romega er rogn frå sild, henta direkte frå den lokale fiskeribransjen.

– Noreg er rikt på olje og sild, og den berekraftige sildebestanden finn vi rett utanfor stovedøra. Eit fiskeegg er samansett slik at larven har alt han treng til livets start. Ei optimal samansetjing av feitt og protein. Vi seier vi tek havets sølv, og raffinerer ut gullet, seier Hallaråker om forskingsarbeidet som vert lagt ned i laboratoriet deira.

– Vi har veldig tru på å utvikle ting lokalt. Det har vi gjort før, og vi veit det er mogleg. Vi har samla ein heilt unik kompetanse mot ein unik marknad som kan gje store inntekter.

Hovdebygda

I dag arbeider sju personar i Arctic Nutrition. Bedrifta disponerer eit romsleg bygg, og leiinga ser fleire fordelar med å halde til der dei er.

– At vi ligg i Hovdebygda er eksotisk for kundane som kjem på besøk. Vi som bur blant Sunnmørsfjella ser det ikkje, men nesten alle kundane synest det er fantastisk å sjå.

Slik ser det ferdige produktet ut når det vert skipa til forbrukarane i Europa, Asia og USA.
I dei tidlegare lokala til Natural i Hovdebygda har Arctic Nutrition no starta med forsking på Omega 3-fosfolipider.