I torsdagsavisa skreiv Møre-Nytt at det ikkje var lov å ha på seg heildekkjande masker på ein halloweenfest i Volda. Dette fordi tilsette og politi skulle ha oversikt over kven folk var, og for å hindre at folk vart krenka av anonyme gjerningsmenn. No seier lensmann Guttorm Hagen at det likevel ikkje vert eit slikt forbod.

– Det har vore ei sentral endring i normalpolitivedtektene som eg ikkje var merksam på. Tidlegare var det forbode å opptre maskert, seier Hagen.

– Det er mange gode grunnar til at folk skal vise andletet sitt på eit slikt arrangement, men no vert det opp til arrangøren å kontrollere at alt går bra. Dei som kjem vil verte bedne om å synleggjere kven dei er når dei skal inn og når dei skal ha alkoholservering, seier Hagen.

Hagen seier arrangørane har lagt opp til eit godt arrangement, og at dei kjem til å handtere problemstillinga på ein god måte. Han legg til at forbodet mot masker var i beste meining for å verne gjestene.

Lensmann Guttorm Hagen.