Dette vert også ei kulturoppleving å dele med kvarandre. Sidan vi er inne i Språkåret 2013 og samstundes markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen kom til verda, er det naturleg å starte ved Aasen-monumentet ved rundkøyringa.

Litt seinare vil det sjølvsagt også verte ei minnestund med høve til ”frie vitnemål” over ein 100-åring som ikkje lenger er mellom oss, nemleg Idavollen som vart innvigd laurdag 8. november 1913. ”Den blå lagun” vert sjølvsagt heller ikkje gløymd, og så går vandringa via Parkvegen og Nekken utover Vikegata til Haldeplassen. Undervegs vert det sjølvsagt stopp for mellom anna å minnast ein syskenflokk med svært ulike lagnader og nokre stirrige ørstingar som utfordra både sokneprest og statskyrkje, før det vil handle om verksemdene – og nokre av personane – som har sett sitt preg på Vikegata.

Og som gammal (?) pedagog har Ellingsen denne gongen også ei heimelekse til dei som har tenkt å vere med på turen: ”Sett deg ned med ein kaffikopp og prøv, åleine eller saman med andre, å minnast butikkar og personar som har vore i denne gata!”

Arrangør er samordningsgruppa for Den kulturelle spaserstokken i Ørsta kommune, og til alle: Vel møtt, same kva vêr og føre det vert!