Flyplassen opplever sterk vekst i talet på reisande, og spesielt har dette utvikla seg etter opninga av Eiksundsambandet i 2008 og Kvivsvegen i 2012. Trafikken har sidan 2008 meir enn dobla seg, og vil i år vere på om lag 120.000 passasjerar. Dette gjer Hovden til ein av dei aller største regionflyplassane i landet.

– Utbygging av terminalbygg og tårn har vore planlagt i mange år utan realisering. Behova er store for at noko skal skje. Vi er sterkt uroa over manglande vilje frå Avinor til å gjennomføre dette, skriv Utviklingsforumet i ein e-post til statssekretær Jon Georg Dale i samferdselsdepartementet.

Møte over nyttår

Utviklingsforumet er samansett av ordførarane i Volda og Ørsta, og representantar for næringslivet på Søre Sunnmøre.

Særleg den maritime næringa på Søre er store brukarar av flyplassen. Stig Remøy i Olympic ønskjer å slå følgje med ordførarane dersom dei får innvilga eit møte med den politiske leiinga i samferdselsdepartementet etter nyttår.

Ordførar i Volda, Arild Iversen, bed på vegner av Utviklingsforumet om at samferdselsdepartementet tek kontakt så snart som råd, og at dei kan fastsetje eit tidspunkt for møtet tidleg i 2014.