I 2010 blei det innført eit nytt system for fastsetjing av likningsverdi på ein bustad. Det heile blei frå då av basert på areal og gjennomsnittlege bustadprisar der du bur. Systemet har medført ein kraftig auke i verdiane her i Noreg, og da særleg i sentrale og tettbygde strøk. I Ørsta og Volda har verdiane også stige, men ikkje i same grad.
– Sikkerheitsventil
Målet med endringane er å kome til at eins hovudbustad skal ha ein likningsverdi på 25 prosent av omsetningsverdi. Dersom du ved hjelp av takstmann kan dokumentere at verdien overstig 30 prosent av marknadsverdien, så kan du krevje å få den redusert.
– Dei nye likningsverdiane for bustader som ein sjølv bur i, synest å fungere tilfredsstillande. Særleg verdifull er sikkerheitsventilen om at likningsverdien blir redusert dersom det kan dokumenterast at den overstig 30 prosent av marknadsverdien. Utan dette ville bustadeigarane hatt langt fleire motførestellingar til dei sjablongmessige berekningane av likningsverdiane, seier Peter Batta. Han er administrerande direktør i Huseiernes Landsforbund.
Verdien i Ørsta
Den nye måten å berekne likningsverdi på gjorde sjølvsagt utslag ”over natta” i 2010. Det ser vi heilt tydeleg ved å gå tilbake til gjennomsnittleg likningsverdi i 2009, og samanliknar dette med snittet to år seinare. Monstereksempelet fekk vi i Stavanger, der likningsverdien på bustader auka frå 218.000 kroner til 831.000 kroner i snitt. Nesten ei tredobling altså.
I Ørsta var gjennomsnittleg likningsverdi på ein bustad i 2011 på 432.700 kroner. Tilbake i 2009 hadde den same bustaden ein likningsverdi på 400.900 kroner. Så her har det vore ein auke på 31.800 kroner, noko som svarar til 7,9 prosent vekst. I Volda kommune har gjennomsnittleg likningsverdi stige med 8,5 prosent, frå 436.000 i 2009 til 473.000 kroner to år etter.
Utvikling i Møre og Romsdal
Det er fyrst og fremst byar og sentrale strok som har fått eit stort oppsving på likningsverdiane. Forskjellane er såleis svært store i Noreg. Det er faktisk 90 kommunar som har fått ein nedgang på gjennomsnittleg likningsverdi på bustadene sine.
I Møre og Romsdal er gjennomsnittleg likningsverdi på 459.100 kroner, noko som er 19 prosent høgare enn i 2009. Den kommunen som har høgast snitt er Ålesund, kor likningsverdien ligg på 549.800 kroner. Dette er og kommunen som har hatt størst auke i Møre og Romsdal, med ein oppgang på 45,5 prosent.
Gjennomsnittleg likningsverdi på bustader i 2011, samanlikna med 2009. Kjelde: SSB
Verdi
Utvikling (kr) - Utvikling (%)
Volda: 473.000 - 37.000 (8,5)
Ørsta: 432.700 - 31.800 (7,9)
Møre og R.: 459.100 - 73.200 (19,0)
Noreg: 546.300 - 200.500 (58,0)