Ørsta rådhus var utan skikeleg telefonsamband i morgontimane onsdag. Årsaka var lynnedslag i Oslo.

Telefonsentralen til Ørsta kommune vert drifta av Telenor, og eit lynnedslag i Oslo medførte at Telenor sin driftssentral fekk vanskar med straumforsyninga. Ørsta kommune melde like før kl. 11.00 at feilen var retta.