Hagen er i dag fungerande lensmann for Volda og lensmann for Ørsta, i tillegg til å vere driftseiningsleiar for politiarbeidet på Søre#<\p>Sunnmøre.

I tida

I analysen er Herøy og Sande lensmannskontor foreslått fjerna. Det er eit kontor som alt i dag har redusert opningstid. Volda lensmannskontor og Ørsta lensmannskontor er alt samlokalisert i Hovdebygda, og Guttorm Hagen meiner dette er heilt i tida.

– Lensmannsdistriktsstrukturen på Søre er frå sekstitalet, før bruene og tunnelane kom. Desse er i dag viktige for all kommunikasjon, og også beredskap. Det er rom for å sjå på dette på nytt etter femti år, seier han.

Han ser på det som framtidsretta at politiet på Søre har to solide oppmøtepunkt, eitt i Hovdebygda og eitt i Ulstein, som i dag.

Lensmannskontora på Eid, i Selje og Stranda er også foreslått lagt ned. Hagen er ikkje avvisande til at dei i Ørsta og Volda kan sjå til Sogn og Fjordane.

– Men det er eit anna politidistrikt, så det er ikkje noko vi tenkjer på i dag, eller spekulerer noko på.

Regionar

I Politianalysen står det at det er ønske om å redusere talet på tenestestader frå 354 til 203, og samstundes fjerne dei 27 politidistrikta og erstatte dei ned seks regionar.

Ifølgje VG vil politiet kunne spare 280 millionar kroner i årleg reduserte kostnader og reinhald. Det kan styrke den lokale politikrafta med 380 årsverk.

– Krava i dag til døgnteneste og kompetent patrulje på vegane gjer det nødvendig med slike grep. Det er også signal i Politianalysen om at politiet skal ha fokus på kjerneoppgåvene sine, altså etterforsking, vakt, beredskap og førebyggjande.

Likevel håper Hagen at sivile oppgåver, som forvaltning og namnsgjeremål kan få verte verande på politihuset.

– Det gjer godt for arbeidsmiljøet, seier han.

Fleire årsverk

Hagen kryssar fingrane for at dei kan få fleire politihender i arbeid som følgje av omstruktureringa i politiet.

– Vi ønskjer å utvikle tenestene våre og tilsette fleire politibetjentar. Det er eit mål med to tenestemenn per tusen innbyggjar innan 2020.

Hagen trur ikkje det vil vere muleg å nå dette målet. På Søre Sunnmøre seier han at dei er grovt underbemanna.

– Vi har 35 stillingar i dag med eit folketal på nær 44.000. Så eg kan lett ta i mot fleire og fordele dei på kontora her.