Ein mann i 40-åra som la ut på fjelltur mot Kvitggeja frå Fivelstad tidlegare i dag, og som ikkje har kome tilbake, vart meldt sakna klokka 16.30. På bakgrunn av desse opplysningane har politiet kalla ut mannskap og starta ein leiteaksjon.

Operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt opplyste at politiet var på staden,  i tillegg bistod mannskap frå Røde Kors og lokale folk i søket.  Ørsta Røde Kors Hjelpekorps sendte ut eit mannskap på tolv, og frå hjelpekorpset i Volda er det eit mannskap på elleve. Ferja Sæbø-Leknes vart bedne om å vente på mannskap, og ferja tok laust om lag 18.45. Totalt bistod eit mannskap 30-35 frå Røde Kors politiet i leiteaksjonen. Norske Redningshunder Møre og Romsdal sette inn fire ekvipasjarfor å bistå i søket.

Det var dårleg vêr i området og dette gjorde at leiteforholda er krevjande. Det vart opplyst at den sakna mannen var fjellvant og kjent i området.

Klokka 19.50 opplyste operasjonssentralen at politiet hadde vore i kontakt med mannen. Han visste ikkje nøyaktig kvar han var, og han melde  at han var våt og kald. Det vart og opplyst at mobildekninga på staden var dårleg.

Klokka 22.18 opplyser politiet at mannen er funnen, og at han tek seg ned frå fjellet for eiga maskin til Fivelstad saman med redningsmannskapa. Etter forholda er han i god behald.

Fivelstadhaugen ligg i Nibbedalen, nabodalen til Norangsdalen. Kviteggja er det høgste fjellet i Ørsta kommune, og er grensefjell mellom Ørsta og Stranda kommunar.

Mannskap frå både Ørsta Røde Kors Hjelpekorps og Volda Røde Kors Hjelpekorps hjelper til i leiteaksjonen. Foto: Rune Sæbønes