- Det var verre før!
– Eg hugsar den gongen det var drosjesentral her med Kaihuset, og vatnet kom veltande inn. Då var det flo å snakke om då! Denne stormen Berit er ingenting, seier Gunnar Oksavik.
Sett på spissen er han nesten skuffa over at flaumen ikkje kom i mediespådde høgder, men hjå Jernia i Ørsta fryktar dei at det verste enno er i vente.
– Den verkeleg store flaumen skal visstnok kome til kvelden, seier dagleg leiar Harald Holvik.
Rutinerte
Både faren Peter Holvik og tilsett Bill Johansen seier i likskap med Oksavik at der har vore mykje verre flaumar i tidlegare år, og at dei var påpasselege med å flytte alle varene i god tid før vatne kom. Dermed leid dei ingen materielle skader.
– Vi er rutinerte kan du seier, ytrer Peter med eit smil.
Ekstremvarsel
Meteorologisk Institutt gjekk torsdag ut med ekstremvarsel for strekninga Stad - Lofoten. Stormsenteret Berit er venta å slå inn mot kysten i løpet av fredagen.
Hovudårsaka til ekstremvarselet er stormfloda. Fredag føremiddag kom ho til Ørsta.
Floda vart høg, men ikkje så høg som til dømes som under stormvinterane på byrjinga av 1990-talet.
I Ørsta småbåthamn har stormfloda tidlegare gått mest heilt opp til klubbhuset til Ørsta småbåtlag. Det skjedde ikkje denne gongen.
Likevel, det er meldt stormflod også fredag kveld, og kor høg floda vert, er avhengig av kor mykje vatn stormen Berit greier å presse inn mot land.