Mange frå Ørsta og Volda hentar gatemat frå Willy’s Gourmet i Myrvåg.

No skriv Vikebladet Vestposten at kokk og eigar Willy Solvang snart opnar restaurant i Ulsteinvik. Der tek han over lokala til Folk Spiseri.

Så stor suksess har Solvang hatt med take away-konseptet at han nyleg også har opna avdeling i Stryn, skriv Vikebladet Vestposten.

I fagre Stryn har omsetninga vore tredobbelt så stor som i Myrvåg, ifølgje lokalavisa for Ulstein og Hareid.

Solvang har mellom anna ein tredjeplass frå kokke-NM og har jobba for kjendiskokk Bent Stiansen.