Immunolog Gunnveig Grødeland ved Universitetet i Oslo og professor i virologi Rebecca Cox ved Influensasenteret i Bergen, seier at dei framleis trur at koronaviruset er på veg til å bli eit sesongvirus som influensa, skriv Aftenposten.

Som for influensa reknar dei òg med at det jamleg vil dukke opp nye virusvariantar etter kvart, men ein veit ikkje om ein ny virusvariant kan forårsake alvorleg sjukdom.

– Men vi veit at vi er mykje betre førebudde enn før på grunn av brei vaksinasjon og god immunitet i befolkninga, seier Grødeland.

Luftvegsvirus som influensa og covid-19 aukar i omfang når det blir kaldare, slik som det blir når hausten kjem. Det er derfor ekspertane meiner at koronaviruset har komme for å bli.

Om det blir omikron eller delta er ei heilt anna sak.

– Eg er ikkje sikker på om det blir omikron. Mange har allereie vore smitta av omikron. Derfor er det ein god del immunitet i befolkninga mot omikron no. Det kan derfor hende det blir eit utspring av til dømes delta-varianten i staden, seier Cox til avisa.

Grødeland seier at både vaksinen og smitten som vi har hatt med omikron, har gitt eit grunnleggjande vern også mot nye variantar, men trur det kan vere lurt å gi ein boosterdose til eldre over 60 år til hausten.

(©NPK)