Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) varslar at regjeringa vil endre lova, slik at fleire tusen grunneigarar slepp eigedomsskatt for grunnen under Statnett sine kraftlinjer.

Dette melder regjeringa i ein epost til Ørsta kommune. NRK har også omtala dette, som ei såkalla «lekkasje» frå revidert nasjonalbudsjett, som vert lagt fram av regjeringa torsdag.

– Vi meiner det er feil å overføre skattebøra til privatpersonar som tilfeldigvis har ei hytte, eit hus eller eigedom der staten har sett opp ei kraftlinje, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NRK.

I Noreg er det mange, mange mil med straumlinjer. Desse høyspentleidningane går ofte over privat grunn.

Som grunneigar i Noreg kan du nemleg ikkje nekte staten å setje opp mastene. Gjer du det vil Statnett kunne svare med å ekspropriere grunnen.